Teknologifestivalen 2021

Det vart ikkje arrangert VestLAN i 2019 eller i 2020. I staden har initiativtakarane, crew frå lan’et i 2018, sponsorar og drivkrefter beslutta å arrangere vestlandets heftigste teknologievent – Teknologifestivalen 2021 (atterhald om Covid-begrensingar).

Med fokus på teknologi og rekruttering skal arrangementet drive samarbeidet mellom næringsliv, akademia, og den unge, digitale kulturen. Vi skal legge til rette for god dialog mellom unge og voksne, næring og skule, og ikkje minst auke den regionale attraktiviteten for både arbeid og tilflytting.

Følg med i våre kanalar for innhald, program og påmelding!